nrk.no: Opptur for Karoline Erdal
Postet av Førde IL - Skiskyting den 8. Jan 2017
GLAD: Karoline Erdal vann to noregscup-renn denne helga.
Under særs utfordrande vindforhold i sprinten i går var det mange bom på dei fleste. Karoline Erdal takla forholda best og drog sigeren i land.
– Eg fekk ned åtte blinkar. Og det er eg særs nøgd med ut frå forholda, seier ei glad skiskyttarjente.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Ho fortel at ho i dagens fellesstart skaut bra på dei tre første skytingane, men at ho fekk tre bom på siste skyting.
– Det var ikkje heilt bra. Eg var nok ikkje heilt på hogget der, seier Erdal sjølvkritisk.
Men så gjekk det ikkje så gale likevel.
– Ho som kom på andre plass i går gjekk ut framfor meg, men eg klarte å ta ho igjen og kom først i mål, fortel Erdal.
– Det var veldig moro å klare det. Men det vart tungt. Veldig tungt, seier ho.
PRESS: Karoline merkar at folk har forventningar til ho. Og då vil ho vise seg verdig dei plasseringane ho tidlegare har klart.
Foto: Roald, Berit / NTB scanpixJobbar med nervane
Trass i at kroppen er sliten er det kanskje ikkje den som er mest utfordrande for ein ung skiskytar.
– Eg merka at eg var nervøs før rennet. Sjølv om det berre er eit norgescuprenn, så kjennast det ganske stort å skulle vere med på desse renna. Det er stor konkurranse og mange gode utøvarar, og då er det moro å vise at ein hevdar seg på landsbasis, seier ei ærleg Karoline Erdal.
Og nettopp det at ho har gjort det godt i det siste kan faktisk vere med på å gi ho meir å tenkje på før eit renn.
– Eg har hatt ein god sesongstart og derfor kjenner eg på presset om å prestere. Eg vil bevise at eg er verdig all den merksemda eg får i samband med denne idretten. Derfor var det veldig moro å klare å få det til i renn denne helga, seier Erdal.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Skiskyting
![Håvard på pallen i Kontiolathi!](https://cdn-bloc.no/rssphotos/660328A7F9004D462085AA67A82065DB/images/emoji.php/v7/f4c/1/16/1f642.png?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Håvard på pallen i Kontiolathi!
06.03.2017
![Stafett-GULL til Karoline & Co](https://scontent.xx.fbcdn.net/v/t1.0-0/p526x296/16998987_1288983324514546_3296392174089785303_n.jpg?oh=1520ac9d60a1898bcc341b95ac32128e&oe=5937741D?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Stafett-GULL til Karoline & Co
28.02.2017
![Karoline med 5.plass på sprinten](https://cdn-bloc.no/redactor/200000195/1730/2017/2/25/2017.02.25-karoline-erdal-p--5.-plass-i-sprint.jpg?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Karoline med 5.plass på sprinten
25.02.2017
Årsmøte 9. mars kl. 20:00
21.02.2017