Historikk
Førde Idrettslag (ofte forkorta som "Førde IL" eller "FIL") er eit lokalt fleiridrettslag i Førde kommune.
Idrettslaget vart skipa i 1920 som "Førde Sports og Idretsforening" av den 19 år gamle lensmannsonen Nikolai Schei (seinare jurist, dekorert embedsmann og mangeårig fylkesmann) som også vart den første formannen for idrettslaget. Schei leia også den første turngruppa i Førde som hadde framsyning allereie i 1921. I 1927 hadde idrettslaget turngrupper for både kvinner og menn med til saman 40 medlemmer. Øvingane gjekk føre seg i den gamle barneskulen i Førde.
Det første idrettsanlegget som laget bygde, var hoppbakke og skihytte i Kalsetdalen i 1924. Tidleg på 1930-talet skipa også idrettslaget si eiga fotballgruppe, der utillingsplassen på Toene like ved kyrkja, vart nytta som idrettsplass og fotballbane. I 1932 byrja arbeidet med opparbeiding av ny idrettsplass på Kronborg. Denne idrettsplassen stod ferdig i fredsåret 1945, og ein kunne då invitere til friidrettstevne. Laget fekk handballag for kvinner i 1946.
Då Førdehuset vart opna i 1976 med ny idrettshall, symjebasseng og Førde stadion, vart mykje av idrettslaget sine aktivitetar lokalisert her. Langrenn-, hopp, og skiskytingsmiljøet held til på Langeland Ski- og Fritidssenter, og alpinistane har Sunnfjord Skisenter Blomlia som sin hovudarena. Førde IL er aksjonær i begge dei sistnevnte idrettsanlegga. Seinhausten 2013 vart det også aktivitet i det nye fleiridrettsanlegget Hafstad Idrettspark, eller "Hafstadparken" som det seinare vart offisielt kalla. Det nye FIL-huset vart teken i bruk 08.12.2014, og Hafstadparken offisielt opna 31.05.2015.
I 2015 har Førde Idrettslag 17 særidrettsgrupper, og 5 miljøgrupper/lokalgrupper. Angedalen har sidan 1955 hatt eiga gruppe under idrettslaget, Holsen har hatt si eiga gruppe sidan 1980. Haukedalen hadde eige idrettslag frå 1938 og fram til 1968, då dette vart slege saman med Førde Idrettslag. Klubben si største gruppe, Førde IL Fotball, har mellom anna både herre- og damelag i 2. divisjon i 2015-sesongen. Fotballgruppa har nærare 120 aldersbestemte fotballlag i divisjonssystemet og den lokale grendaserien, og utgjer i aktivitetstall cirka halvparten av Førde IL.
Førde IL hovudlaget var leia av Ove Farsund i perioden 1997 - 2015, og er med sine 18 år den styreleiaren som har site lengst i idrettslaget si historie.
Offisiell logo: