Då er første krinsrenn arrangert!

Postet av Førde IL - Skiskyting den 2. Mar 2026

Vi hadde ein fantastisk dag på Langeland sundag 1. mars og arrangerte vårt første krinsrenn i sksiskyting sidan 2004 i Haukedalen. Sist vi arrangerte krinsrenn på Langeland meinar eg var i 1985! 

Våre utøvarar presterte utruleg bra og hevda seg godt, så det syner at trenar Robert sine formaningar har virka.  :-)

Resultat finn ein på EQ timing https://live.eqtiming.com/81391#result og omtale finn ein på Firda https://www.firda.no/dette-har-ikkje-skjedd-sidan-80-talet-veldig-etterlengta/s/5-15-2023592

Ynskjer å takke alle som stilte opp på dugnad og hjalp oss med å få til dette. Sjølv om dette var nytt for alle, så klarte vi å gjennomføre eit prikkfritt arrangement under fantastiske forhold.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.