Toppidrettstipend og Finn Friis Hafstad Minnefond - 2019/2020:
Postet av Førde IL den 15. Mai 2020
Toppidrettstipend 2019/2020
Gjøran Tefre - langrenn:
Beste prestasjon siste sesong:
2 plass i verdenscup på team sprint i Planica og 8 plass under prøve VM i WC Oberstdorf, samt samanlagtsiger i Skandinavisk cup.
Håvard Gutubø Bogetveit - skiskyting:
Beste prestasjon siste sesong:
3. plass i IBU cup Ridnaun, Italia både på sprint og fellesstart - 5. plass sammenlagt i IBU cupen.
Karoline Erdal - skiskyting:
Beste prestasjon siste sesong:
1.plass IBU cup, Sjusjøen og Osrblie, Slovakia i sprint.
Singel mix-stafett gull i EM saman med lagkamerat Endre Strømsheim.
Karoline Holsen Kyte - motbakkeløp:
Beste prestasjon siste sesong:
NM gull i motbakkeløp, Mefjellet opp og siger i Skåla Opp.
Finn Friis Hafstad Minnefond - 2019/2020:
Mathias L. Sagevik, (Førde IL fotball )
Vinnar av årets Finn Friis Hafstad Minnefond:
- «gjennombrudd» som seniorspelar i 2019
- årets unge spelar i 2019 for A-lag, menn
- 22 kampar i Kretsligaaen 2019 (6 mål)
Toppidrettstipenda er på kr 10.000,- og Finn Friis Hafstad Minnefond er på kr 7.500,-.
Tradisjonelt brukar desse utmerkingane å bli delt ut i samband med 17.mai feiringa i Førde.
I år blir det som kjent ikkje høve til tradisjonell feiring - vi lyt dermed finne ein anna egna «arena» for overrekking ved seinare høve.
Førde Idrettslag gratulerer prisvinnarane så mykje – og ynskjer lukke til med vidare satsing!
• Ynskjer alle ein riktig god 17.mai😊
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.