Bli med til Beitostølen i november!

Postet av Førde IL - Langrenn den 23. okt 2026

Den årlege miljøsamlinga på Beitøstølen går av stabelen 27.-27.november. 

Vi har reservert hytter ved Knuts Hyttegrend, og det blir ei aktiv og sosial helg for både store og små.

Program:
Fredag: Ankomst ettermiddag/kveld. Kvar enkelt ordnar kveldsmat på eiga hytte. Det blir eigentrening i løypene.
Laurdag: To organiserte treningsøkter på snø, med felles måltid mellom øktene. Om kvelden blir det felles måltid og sosialt samvær.
Søndag: Ei fellestrening før heimreise.

Pris:
Vaksen: kr 700
Born: kr 300
Familie: kr 1500

Prisen inkluderer:
Overnatting i hytter (4–10 personar per hytte)
Organisert trening
To felles måltid (formiddagsmat laurdag og middag laurdag kveld)


Påmelding innan 1. november
Send e-post til brkarlsen@yahoo.no med:

Namn på alle deltakarar
Fødselsår på borna


Vi håpar mange vil vere med på ei kjekk og inspirerande helg på snø!







Førde Langrenn inviterer til ny skisesong 2026/2027!

Postet av Førde IL - Langrenn den 24. sep 2026

Frå veke 43 (22.oktober) og fram til snøforhold på Langeland har vi følgjande treningstider:
1.- 3. klasse: kl. 17.00 - 18.00 (inne i Førdehuset)

4.- 7. klasse: kl. 17.00 - 18.00 (ute på festplassen, rulleski/rulleskøyter)

8.- klasse og eldre: kl. 18.00 - 19.30 (rulleski)

Ved snøforhold har vi følgjande treningstider kvar torsdag på Langeland Skisenter:

1.- 3. klasse: kl. 18.00 - 19.00

4.- 7. klasse: kl. 18.00 - 19.00

8.- klasse og eldre: kl. 18.00 - 19.30

Informasjon om treningane blir lagt ut på Spond. Ved registrering på Isonen vil du få invitasjon til Spond-gruppe.

Om du betaler treningsavgift, og barnet ditt vel å gi seg etter nokre treningar - får du pengane tilbake.

Fritidskortet: Fritidskortet gjev barn og unge mellom 6 og 18 år i familiar med utfordrande økonomi støtte til å delta i organiserte fritidsaktivitetar. Førde Langrenn er ein del av denne ordninga. Les mer om ordninga eller opprett Fritidskonto i Friskus for å byrje å bruke Fritidskortet.

Dette får du som medlem av Førde Langrenn:
Rabatt på Intersport Førde
Rabatt på årskort Langeland skisenter
Gratis påmeldingsavgift på krinsrenn (gjeld ikkje karusellrenn)
Ditt barn får gleda av å kunne gå på ski!
Rabatt på klubbtøy frå Trimtex

Påmelding: Langrennstrening Førde Langrenn 2026/2027 | iSonen




Premiefest torsdag 9 april.

Postet av Førde IL - Langrenn den 26. mar 2026


Førde Langrenn inviterer til premiefest torsdag 9. april kl. 17.30 på Førde Camping. Vedlagt er også oversikt over kven som får utdelt premie på premiefesten.

Det blir premieutdeling for dei som har deltatt på fire eller fleire karusellrenn, lagsmesterskap og/eller merkerenn. 

Alle er hjarteleg velkomne til å ta del i avslutninga av årets skisesong! Vel møtt.

Oversikt premiefest.pdf




Tre nye år på same lag

Postet av Førde IL - Langrenn den 20. mar 2026


Førde Langrenn er stolte over at samarbeidet med SpareBank 1 Sogn og Fjordane held fram i tre nye år. Avtalen sikrar langrennsgruppa ein viktig og stabil støttespelar i åra som kjem, og betyr mykje for utviklinga av langrennssporten i regionen.

 

- Vi set stor pris på samarbeidet med Sparebank 1 Sogn og Fjordane, som er med på å leggja til rette for at barn og unge får gleda av å gå på ski. Gjennom eit langt og godt samarbeid er det mange som har fått sitt første møte med både skitreningar og SSF-karusellrenn på Langeland. Og vi skal gjere vårt beste for at enno fleire skal få gleda av å gå på ski i åra som kjem, seier styreleiar i Førde Langrenn, Asgeir Årdal.

 

Med denne støtta i ryggen kan Førde Langrenn halda fram med å utvikla gode treningsvilkår, arrangement og eit sterkt langrenns­miljø i Sunnfjord. Vi ser fram til tre nye år saman!

 

Biletet:
Asgeir Årdal, saman med konstituert banksjef personmarknad, Rune Vosseteig.
Foto: Gunn Aase Moldestad, SSF.




Årsmøte Førde IL Langrenn 2026

Postet av Førde IL - Langrenn den 2. mar 2026

INNKALLING TIL ÅRSMØTE FØRDE IL LANGRENNSGRUPPA

Styret ønskjer alle hjarteleg velkommen til årsmøte i langrennsgruppa! Håper så mange som mogleg har høve til å stille. 

STAD: Førde, Idrettens Hus.

TIDSPUNKT: Måndag 09.03.2026 kl.19:00 - 20:30.

Saksdokument:

Innkalling til årsmøte.pdf