Ekstraordinært årsmøte

Postet av Førde IL den 11. Jul 2024

Annonse, E.O. ÅM_FIL.docx

22.august blir det arrangert ekstraordinært årsmøte på Filhuset



Internasjonal deltaking

Postet av Førde IL den 27. Jun 2024

Det var internasjonal deltaking på løpet i Solheimsdalen onsdag 26. juni. To løparar frå Ny-Caledonia, på ferie og gjennomreise, var innom og sprang nærløp. Kjekt. Arrangør fekk positive tilbakemeldingar frå løparane. På resultatlista finn vi fleire løparar som f.t. bur vekke frå Førde. A-lang vart vunne av Håvard  Os og Anja Hole. B-løypene vart vunne av  Rophaclle Bouchitte og Arthur Raynaud frå Ny-Caledonia. Best tid i C-løypene hadde Anita Hole og Anders Mallasvik.

Resultatliste finn du her.

No tar nærløpa pause til august månad.Men vi oppfordrar til å delta på eit av dei mange løpa som er kring om i Norge i sommar. Er du heime i Førde, er det også eit godt tilbod med turorientering.


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Nærløp onsdag 26. juni

Postet av Førde IL den 24. Jun 2024

Det er klart for siste nærløpet før sommaren onsdag 26. juni. Samlingsplass p-plassen øverst i Solheimsdalen. Start mellom kl 18 og 19. Det er 10-15 minutt å gå til start. 

Løypelengder:

A-nivå 4,6 km, kart 1:7500
B-nivå 3,1 km, kart 1:7500
C-nivå 2,0 km, kart 1:7500
Nybyrjar 1,0 km, kart 1:5000

Parkeringsavgift kr. 20. Betaling med Vipps/kontant.
Vatn/saft, banan og bollar på samlingsplass.

Påmelding gjer du her, ev. ved frammøte. Velkomen til alle! 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør#enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




4-dagers Geilo - o-troll

Postet av Førde IL den 22. Jun 2024

Sogndal IL og SFOK har gleda av å invitere alle løparar i Sogn og Fjordane til felles overnatting og o-trolleir under Geilo 4-dagers 8.-11. august. Vi har booka overnatting i hytter på Bardøla fjelltun. Påmelding og meir info finn du her: https://eventor.orientering.no/Activities/Show/5744

Merk at det er begrensa kapasitet, så det lønner seg å vere tidleg ute. Vi vil forsøke å få booka fleire hytter om det blir fullt, men kan ikkje garantere noko.

Geilo har vore ein veldig triveleg tur for Sogndal dei siste åra og eit fint "første møte" med springing utanfor eigen krins for mange av ungane, så vi vil gjerne ha med oss fleire.



Nærløp Langeland 19.6.

Postet av Førde IL den 17. Jun 2024

Nærløp orientering frå Langeland skisenter onsdag 19. juni kl 18.00. Løyper for alle. Etter løpet vert det servering av saft, kaffi og vafler i skikytta. Påmelding via Eventor, eller ved frammøte. Velkomen til alle! 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør#enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri