Skiskyttargruppa treng 15 frivillige den 1 - 2. August

Postet av Førde IL - Skiskyting den 22. Jul 2017

SPENNING I SIKTE 1.-2. August i Kråkenesmarka. 

INTERESSERT I SKISKYTING?
Ny skikyttararena er på gang på Langeland. 


Tirsdag og onsdag 1. - 2. august under Landsskyttarstemnet kjem SKISKYTTARFORBUNDET med TORA BERGER, KAROLINE ERDAL, HÅVARD GUTUBØ BOGETVEIT og OLE MARTIN ERDAL  til Førde for å informere om skiskyting og arrangere aktivitetar på LS arenaen i Kråkenesmarka. 
Dei vil bla. ha med seg smøretrailer, laserskyting og andre aktivitetar der ein kan få prøve seg som skiskyttar. 
Tirsdag ettermiddag blir det også informasjon og foredrag om skiskyttarsporten. 

VI TRENG FRIVILLIGE TIL Å HJELPE TIL. 
Vi er bedt om å stille med 15 personar som kan vere med å rigge og hjelpe til begge dagane frå ca 10:00 til 14:00. 
INGEN KUNNSKAP OM SKISKYTING ER NØDVENDIG. 
Foreldre, besteforeldre, ungdommar over 16 år eller andre voksne som har anledning til å bidra kan ta kontakt med Bjørn Olav Espe på PM eller SMS tlf 97404230 snarast. 


DETTE ER EIN FIN ANLEDNING TIL Å BLI KJENT MED SKISKYTTARSPORTEN OG VÅRE LOKALE UTØVARAR. 

Del gjerne med andre.



Håvard på pallen i Kontiolathi!

Postet av Førde IL - Skiskyting den 6. Mar 2017

Flott helg for Håvard Gutubø Bogetveit i IBU Cup'en i finske skogar denne helga. 4. plass i sprint laurdag, og atter eingong på pallen i 12.5 km jaktstart søndag 5. mars. Beste norske herreløpar individuelt - berre 13 sekundar bak vinnar i begge løpa!

Med denne strålande utviklinga, så skal vi ikkje bli overraska om 2 Førde-løperar går World Cup i Holmenkollen 17-19. mars. Både Karoline og Håvard. FØLG MED, FØLG MED




Stafett-GULL til Karoline & Co

Postet av Førde IL - Skiskyting den 28. Feb 2017




Karoline med 5.plass på sprinten

Postet av Førde IL - Skiskyting den 25. Feb 2017

Karoline Erdal kniva om gullet etter første skyting i laurdagens sprint under junior-VM i Slovakia, men med ein bom på ståande vart det til slutt 5. plass. Likevel ein flott framgang frå torsdagens 21. plass, og eit strålande utgangspunkt for jaktstarten. Vi gratulerer Ingrid Tandrevoll med sølv i dagens løp i Brezno-Osrblie.




Årsmøte 9. mars kl. 20:00

Postet av Førde IL - Skiskyting den 21. Feb 2017

Møtestad: FIL-huset i Hafstadparken

Vanlege årsmøtesaker med m.a.:

- årsmelding og rekneskap for 2016

- budsjett for 2017

- val av medlemmer til styre

- status for skiskyttar stadion på Langeland

- ev. andre innkomne saker

Saker som skal fremjast på årsmøtet må sendast styret innan 6. mars.

Styret



Karoline utteken til Junior-VM i Slovakia

Postet av Førde IL - Skiskyting den 31. Jan 2017

Etter fleire sterke prestasjoner denne vinteren, som førebels har toppa seg med EM-sølv i mixed stafett i Polen denne helga, vart som venta Karoline Erdal med på lista over uttekne til junior-VM i Brezno-Osrblie, Slovakia, 22.-28. februar 2017.

I fjor vart det som vi hugsar VM-gull i ungdomsklassen på Karoline, og ho lyt tole å vere blant gullfavorittane når ho no stiller for første gong i junior-klassen. Dei fleste av hennar skarpaste konkurrentar er med i IBU-cup og gjekk EM i Polen, og der hadde ho i 2 av disiplinane kun senior-løperar forran seg.

Dette lover bra!


Uttak Junior VM, Brezno-Osrblie, Slovakia, 22.-28. februar 2017:

Junior kvinner:
Ingrid Landmark Tandrevold, Fossum IF
Karoline Erdal, Førde IL
Turi Storstrøm Thoresen, Alvdal IL
Emilie Ågheim Kalkenberg, Skonseng UL
Hilde Eide, Øystre Slidre SSL

Reserve:
Kristina Skjevdal, Røros IL

Junior menn:
Endre Strømsheim, Bærums Skiklub
Aleksander Fjeld Andersen, Geilo IL
Johannes Dale, Fet SK
Sindre Pettersen, Nittedal SSL
Kristoffer Johnson, Vingrom IL

Reserve:
Sindre Fjellheim Jorde, Asker SK

Youth kvinner:
Mari Wetterhus, Svene IL
Sigrid Bredde Vig, Simostranda IL
Marit Ishol Skogan, Steinkjer SK
Marte Kråkstad Johansen, Bossmo & Ytteren IL

Reserve:
Hilde Fosse, Voss SSL

Youth menn:
Sivert Bakken, Vingrom IL
Vebjørn Sørum, Søndre Ål SK
Jørgen Brendengen Krogsæter, Ullensaker SK
Dag Sander Bjørndalen, Simostranda IL

Reserve:
Lars Hammernes Leopold, Asker SK


Uttak: http://www.skiskyting.no/no/nyheter/Uttak+til+Juni...


Utklipp Firda 31. januar 2017:




nrk.no: Opptur for Karoline Erdal

Postet av Førde IL - Skiskyting den 8. Jan 2017

Karoline Erdal

GLAD: Karoline Erdal vann to noregscup-renn denne helga.

Under særs utfordrande vindforhold i sprinten i går var det mange bom på dei fleste. Karoline Erdal takla forholda best og drog sigeren i land.

– Eg fekk ned åtte blinkar. Og det er eg særs nøgd med ut frå forholda, seier ei glad skiskyttarjente.

Ho fortel at ho i dagens fellesstart skaut bra på dei tre første skytingane, men at ho fekk tre bom på siste skyting.

– Det var ikkje heilt bra. Eg var nok ikkje heilt på hogget der, seier Erdal sjølvkritisk.

Men så gjekk det ikkje så gale likevel.

Ho som kom på andre plass i går gjekk ut framfor meg, men eg klarte å ta ho igjen og kom først i mål, fortel Erdal.

– Det var veldig moro å klare det. Men det vart tungt. Veldig tungt, seier ho.

Sesongstart skiskyting 2016 på Sjusjøen.

PRESS: Karoline merkar at folk har forventningar til ho. Og då vil ho vise seg verdig dei plasseringane ho tidlegare har klart.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Jobbar med nervane

Trass i at kroppen er sliten er det kanskje ikkje den som er mest utfordrande for ein ung skiskytar.

– Eg merka at eg var nervøs før rennet. Sjølv om det berre er eit norgescuprenn, så kjennast det ganske stort å skulle vere med på desse renna. Det er stor konkurranse og mange gode utøvarar, og då er det moro å vise at ein hevdar seg på landsbasis, seier ei ærleg Karoline Erdal.

Og nettopp det at ho har gjort det godt i det siste kan faktisk vere med på å gi ho meir å tenkje på før eit renn.

– Eg har hatt ein god sesongstart og derfor kjenner eg på presset om å prestere. Eg vil bevise at eg er verdig all den merksemda eg får i samband med denne idretten. Derfor var det veldig moro å klare å få det til i renn denne helga, seier Erdal.



Levert av IdrettenOnline