Karoline med kanonstart på sesongen!

Postet av Førde IL - Skiskyting den 13. Nov 2016

Fantastiske Karoline Erdal vart beste norske på fellesstarten under sesongopninga på Sjusjøen søndag 13.11.16. No lyt Førde-jenta oppjustere ambisjonsnivået, for no ho brått med i World Cup diskusjonen!

Karoline plaffa ned 20 treff for andre gong i karriera, og staka inn til ein råsterk 4. plass berre +1:08,9 etter vinnar Yulia Dzima (UKR), og 30 sekund føre Tiril Eckhoff som vart nest beste norske på 6. plass. Juniorlandslagsløparen vår satte altså heile elitelandslaget i skuggen....

Laurdag tok Karoline 18. plass i sprinten (6. beste norske), og hadde nok gitt eit øyrlite forvarsel om at noko større kunne vere i emning.

Også broder Ole Martin Erdal (22) hadde ein knalldebut på sesongen med 22. plass i sprint laurdag, 25. plass i fellesstart søndag.

Alle resultata frå sesongstarten:

http://www.sesongstartskiskyting.no/




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc