Karoline utteken til Junior-VM i Slovakia

Postet av Førde IL - Skiskyting den 31. Jan 2017

Etter fleire sterke prestasjoner denne vinteren, som førebels har toppa seg med EM-sølv i mixed stafett i Polen denne helga, vart som venta Karoline Erdal med på lista over uttekne til junior-VM i Brezno-Osrblie, Slovakia, 22.-28. februar 2017.

I fjor vart det som vi hugsar VM-gull i ungdomsklassen på Karoline, og ho lyt tole å vere blant gullfavorittane når ho no stiller for første gong i junior-klassen. Dei fleste av hennar skarpaste konkurrentar er med i IBU-cup og gjekk EM i Polen, og der hadde ho i 2 av disiplinane kun senior-løperar forran seg.

Dette lover bra!


Uttak Junior VM, Brezno-Osrblie, Slovakia, 22.-28. februar 2017:

Junior kvinner:
Ingrid Landmark Tandrevold, Fossum IF
Karoline Erdal, Førde IL
Turi Storstrøm Thoresen, Alvdal IL
Emilie Ågheim Kalkenberg, Skonseng UL
Hilde Eide, Øystre Slidre SSL

Reserve:
Kristina Skjevdal, Røros IL

Junior menn:
Endre Strømsheim, Bærums Skiklub
Aleksander Fjeld Andersen, Geilo IL
Johannes Dale, Fet SK
Sindre Pettersen, Nittedal SSL
Kristoffer Johnson, Vingrom IL

Reserve:
Sindre Fjellheim Jorde, Asker SK

Youth kvinner:
Mari Wetterhus, Svene IL
Sigrid Bredde Vig, Simostranda IL
Marit Ishol Skogan, Steinkjer SK
Marte Kråkstad Johansen, Bossmo & Ytteren IL

Reserve:
Hilde Fosse, Voss SSL

Youth menn:
Sivert Bakken, Vingrom IL
Vebjørn Sørum, Søndre Ål SK
Jørgen Brendengen Krogsæter, Ullensaker SK
Dag Sander Bjørndalen, Simostranda IL

Reserve:
Lars Hammernes Leopold, Asker SK


Uttak: http://www.skiskyting.no/no/nyheter/Uttak+til+Juni...


Utklipp Firda 31. januar 2017:




nrk.no: Opptur for Karoline Erdal

Postet av Førde IL - Skiskyting den 8. Jan 2017

Karoline Erdal

GLAD: Karoline Erdal vann to noregscup-renn denne helga.

Under særs utfordrande vindforhold i sprinten i går var det mange bom på dei fleste. Karoline Erdal takla forholda best og drog sigeren i land.

– Eg fekk ned åtte blinkar. Og det er eg særs nøgd med ut frå forholda, seier ei glad skiskyttarjente.

Ho fortel at ho i dagens fellesstart skaut bra på dei tre første skytingane, men at ho fekk tre bom på siste skyting.

– Det var ikkje heilt bra. Eg var nok ikkje heilt på hogget der, seier Erdal sjølvkritisk.

Men så gjekk det ikkje så gale likevel.

Ho som kom på andre plass i går gjekk ut framfor meg, men eg klarte å ta ho igjen og kom først i mål, fortel Erdal.

– Det var veldig moro å klare det. Men det vart tungt. Veldig tungt, seier ho.

Sesongstart skiskyting 2016 på Sjusjøen.

PRESS: Karoline merkar at folk har forventningar til ho. Og då vil ho vise seg verdig dei plasseringane ho tidlegare har klart.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Jobbar med nervane

Trass i at kroppen er sliten er det kanskje ikkje den som er mest utfordrande for ein ung skiskytar.

– Eg merka at eg var nervøs før rennet. Sjølv om det berre er eit norgescuprenn, så kjennast det ganske stort å skulle vere med på desse renna. Det er stor konkurranse og mange gode utøvarar, og då er det moro å vise at ein hevdar seg på landsbasis, seier ei ærleg Karoline Erdal.

Og nettopp det at ho har gjort det godt i det siste kan faktisk vere med på å gi ho meir å tenkje på før eit renn.

– Eg har hatt ein god sesongstart og derfor kjenner eg på presset om å prestere. Eg vil bevise at eg er verdig all den merksemda eg får i samband med denne idretten. Derfor var det veldig moro å klare å få det til i renn denne helga, seier Erdal.